Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Del det du har

1. Kast ditt brød på vatnet,for med tida skal du finna det att.

2. Del det du har, med sju eller åtte;for du veit ikkje kva for ulukkesom kan henda på jorda.

3. Når skyene blir fulle av regn,auser dei det ut over jorda.Fell eit tre, mot sør eller nord,blir det liggjande på staden der det fall.

4. Den som aktar på vinden, får ikkje så,den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.

5. Like lite som du veitkorleis vinden blæsog beina blir til i mors liv,like lite kan du skjønaGuds gjerningar, han som gjer alle ting.

6. Så ditt såkorn om morgonen,og lat ikkje handa kvila mot kveld.Du veit då ikkje kva som vil lukkast,det eine eller det andre,eller om begge delar er like gode.

Gled deg

7. Lyset gjer godt,det er ein fryd for auget å sjå sola.

8. Om mennesket får leva i mange år,skal det gleda seg over dei alle,men òg tenkja på dei mørke dagane,for av dei blir det mange.Alt som kjem, er forgjengeleg.

9. Gled deg, du ungdom, medan du er ung,ver glad og fornøgd i livsvåren!Gå på dei vegane hjartet vil,følg det som lokkar ditt auge!Men vit at for alt som du gjer,skal Gud krevja deg til rekneskap.

10. Få bort det som piner hjartet,og det som plagar kroppen!For barndom og ungdomer som ein pust.