Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Daude fluger får salveblandarens olje til å stinka og bobla,eit grann dårskap veg meir enn visdom og ære.

2. Den vises hjarte fører rette vegen,men dårens tanke fører gale av stad.

3. Sjølv når dåren ferdast på gata,manglar han vit.Han kunngjer for alle at han er dum.

4. Om herskaren blir harm på deg,så gå ikkje frå plassen din;sinnsro kan hindra store feilsteg.

5. Ein uting har eg sett under sola,eit mistak av den som sit med makta:

6. Dårskap vart sett i høgsetet,medan rikfolk sat nedst ved bordet.

7. Eg såg slavar til hestog fyrstar til fots lik slavar.

8. Den som grev ei grav,kan sjølv falla nedi;den som riv eit grensegjerde,kan bli biten av ein orm.

9. Den som bryt stein, kan skada seg.Den som kløyver trestammar, kan koma i fare.

10. Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,må han bruka dess større kraft.Men den duglege veit å bruka visdomen sin.

11. Om ormen høgg før maningsord er sagt,kva gagn har manaren då av si kunst?

Dåren bruker mange ord

12. Ord frå den vises munn vinn velvilje,men dårens lepper gjev han forderving.

13. Han byrjar med å tala dårskap,og han sluttar av med det reine vanvitet.

14. Ja, dåren bruker mange ord.Mennesket veit ikkje kva som skal henda.Kven kan fortelja hankva som kjem til å henda når han er borte?

15. Dåren masar så han blir trøytt,han som ikkje eingong veit vegen til byen.

16. Ve deg, du land som har eit barn til kongeog stormenn som held gilde når morgonen gryr.

17. Lukkeleg er du landsom har ein høgætta kongeog stormenn som held måltid i rett tid,som staute menn og ikkje som drankarar.

18. Der latskapen rår, sig takbjelkane ned,og sit ein med hendene i fanget,dryp det inn i huset.

19. Folk held fest for å mora seg,og vinen gjev glede i livet,men pengar er svaret på alt.

20. Ikkje eingong i tankaneskal du forbanna ein konge.Sjølv ikkje i soverommetmå du forbanna ein som er rik.For fuglane under himmelen ber lyden av stad,dei som har venger, fortel kva du har sagt.