Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kongens ord og det veike mennesket

1. Kven er som den vise,ja, kven kan tyda det som hender?Visdomen lyser opp andletet til mennesketså det strenge draget mildnast.

2. Gjer som kongen byd,du svor ved Gud å lyda han.

3. Ver ikkje snar til å gå bort frå han,og ver ikkje med på ei dårleg sak!For kongen gjer alt det han vil.

4. Kongens ord er lov,kven kan seia til han: «Kva gjer du?»

5. Den som held bodet hans,røyner ikkje noko vondt;den vise kjenner i hjartetden rette tida og vegen.

6. For allting som blir gjort, har si tid og sin veg,og det vonde som ventar på mennesket,kviler tungt på han.

7. Han veit ikkje kva som skal henda.For kven kan seia han kva som skal skje?

8. Ingen har makt over vindenså han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,lovløyse bergar ikkje sin mann.

9. Alt dette såg egdå eg merkte meg alt som skjer under sola,når eit menneske har makt over eit annaog gjer han skade.

10. Vidare såg eg at urettferdigevart lagde i grava,medan dei som kom og gjekk frå den heilage staden,dei som hadde gjort det rette,vart gløymde i byen.Dette òg er fåfengt.

11. Om dommen over vond gjerningikkje straks blir sett i verk,får menneska mot til å gjera det vonde.

12. For ein syndar kan gjera det vonde i mange år,og endå lèt Gud han leva lenge.Likevel skulle eg då vitaat det går godt for dei som ottast Gud,fordi dei har ærefrykt for han,

13. medan det ikkje lukkast for den urettferdige;livet hans blir stutt, kortvarig som ein skugge,fordi han ikkje ottast Gud.

14. Det er noko meiningslaustsom hender på jorda:Med somme rettferdige går detsom dei urettferdige fortener,og med somme urettferdige går detsom dei rettferdige fortener.Eg seier: Dette òg er fåfengt.

15. Eg har lovprisa gleda,for det finst inga anna lukkefor mennesket her under solaenn å eta og drikka og gleda seg.Dette får følgja han i strevetdei levedagane Gud gjev han under sola.

16. Eg vigde hjartet mitt til å læra visdomen å kjennaog såg på det slitet og strevetsom menneska har på jorda.Korkje dag eller natthadde eg blund på auga,

17. og eg såg at mennesketikkje kan skjøna det Gud lèt henda,alt det som skjer under sola.Kor mykje han så strevar og granskar,finn han ikkje ut av det.Sjølv om den vise seier han skjønar,fattar han det endå ikkje.