Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Kongens makt og rikdom

1. Eg sa i hjartet mitt:Gå no, prøv gledaog nyt det som er godt!Men det òg var slikt som forgår.

2. Om latteren sa eg: Han er ein narr,og om gleda: Kva tener ho til?

3. Eg ville la kroppen nyta vin,medan hjartet styrte meg med visdom.Eg ville prøva dårskapen,heilt til eg skjøna kva som er godt for menneskaden korte tida dei lever under himmelen.

4. Så sette eg store ting i verk:Eg bygde hus og planta vinmarker,

5. eg stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre i dei.

6. Eg bygde dammar til å vatnalundar med frodige tre.

7. Eg kjøpte slavar og slavekvinner,eg hadde slavar som var fødde i mitt hus.Eg fekk meg meir storfe og småfeenn nokon hadde hattfør meg i Jerusalem.

8. Eg samla meg sølv og gull,og kongelege skattar frå andre rike.Eg fekk meg songarar og songarinnerog det som er ei lyst for menn,kvinner og atter kvinner.

9. Eg vart stor i makt og rikdom,ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg.Men visdomen min heldt eg fast ved.

10. Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte;eg nekta meg inga glede.Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid,og det var løna for mitt strev.

11. Så vende eg blikketmot alt mine hender hadde gjort,alt eg hadde samla ved å arbeida.Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden.Det er ingen ting å vinna under sola.

12. Eg vende blikket mot visdom,mot uforstand og dårskap.Kva kan han gjera som kjem etter kongen?Ikkje anna enn det som er gjort før han.

13. Eg såg at visdom er betre enn dårskap,slik lyset er betre enn mørkret.

14. Den vise har auge i hovudet,men dåren går omkring i mørker.Men eg skjøna ògat slik det går med den eine,slik går det med begge.

15. Og eg sa i hjartet mitt:Slik det går med dåren, skal det òg gå med meg.Så kva skal all min visdom tena til?Og eg svara i hjartet mitt:Det òg er slikt som forgår.

16. For minnet om den viselever ikkje lenger enn minnet om dåren.I dagane som kjem,er allting gløymt for lenge sidan.Ja, den vise må døy, han slik som dåren.

17. Då hata eg livet,for det som hender under sola, plaga meg.Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.

18. Eg hata alt eg hadde arbeiddog streva med under sola.Alt må eg overlatatil den som kjem etter meg.

19. Kven veit om det blir ein vis eller ein dåresom skal rå over det eg har vunnemed mitt arbeid og min visdom under sola?Dette òg er fåfengt.

20. Då vart eg djupt fortvila i hjartetover alt eg har arbeiddog streva med under sola.

21. For ein mann kan vinna mykjemed visdom, kunnskap og dugleik,men må likevel gje det i arv til ein annansom ikkje har hatt noko strev med det.Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.

22. Kva har mennesket attfor alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter,for alt det strevar med under sola?

23. Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte,og alt det driv med, gjev det sorg.Ikkje eingong om nattafell hjartet til ro.Det òg er fåfengt.

Alt er ei gåve frå Gud

24. Ingen ting er betre for eit menneskeenn å eta og drikkaog unna seg gode dagarmidt i alt sitt strev.Men eg fekk sjå at det ògkjem frå Guds hand.

25. For kven kan eta og vera gladutan at det er gjeve av han?

26. Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og gledetil den som er god i hans auge.Men den som syndar,gjev han strevet med å samla og sanka,og sidan må han gje alt samantil den som er god i Guds auge.Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.