Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Enden er komen for Israel

1. Dette viste Herren Gud meg:Sjå, ei korg med mogen frukt.

2. Han sa: «Kva ser du, Amos?»Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.»Då sa Herren til meg:«Enden er komen for mitt folk Israel,eg vil ikkje lenger bera over med det.

3. Songarinnene på slottetskal jamra den dagen,seier Herren Gud.Lik i mengd ligg slengde overalt. Hysj!»

Herrens dom over uærleg handel

4. Høyr dette, de som trakkar fattige nedog gjer ende på dei hjelpelause i landet!

5. De seier: «Når er nymånefesten over,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna kornsalet?Då gjer vi målet for liteog prisen for høgog fuskar med falske vekter.

6. Då kjøper vi småkårsfolk for pengar,ein fattig for eit par sandalar,og sel avfallskorn!»

7. Herren har svore ved Jakobs byrgskap:Aldri skal eg gløymanoko av det dei har gjort!

8. Må ikkje jorda skjelva for slikt,så alle som bur der, sørgjer?Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen,stiga og siga som elva i Egypt?

Ulukkedagen

9. Den dagen, seier Herren Gud,lèt eg sola gå ned ved middagstidog gjer jorda mørk ved høglys dag.

10. Festane gjer eg til sørgjehøgtiderog alle songane til likklage,eg legg sekkestrie om alle hofterog lèt kvart hovud rakast snautt,som i sorg over einaste sonen.Enden blir ein bitter dag.

Svolt etter Herrens ord

11. Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud,då eg sender svolt i landet,ikkje svolt etter brødog ikkje tørste etter vatn,men etter å høyra Herrens ord.

12. Dei skal flakka om frå hav til hav,streifa omkring frå nord til austog leita etter Herrens ord,men dei skal ikkje finna det.

13. Den dagen skal fine møyar og unge mennsiga om av tørste.

14. Dei som sver ved Samarias syndog seier: «Så sant din gud lever, Dan»og: «Så sant din veg lever, Beer-Sjeba»,dei skal falla og aldri reisa seg meir.