Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Moab, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2. Eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene i Kerijot.Moab skal døy under krigslarm,under kamprop og hornstøytar.

3. Eg ryddar ut dommaren derog drep stormennene med,seier Herren.

Dom over Juda og Israel

4. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Juda, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei forakta Herrens lov,dei heldt ikkje hans forskrifter.Løgner førte dei vill,løgner som fedrane følgde.

5. Eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene i Jerusalem.

6. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Israel, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei sel den rettferdige for pengar,den fattige for eit par sandalar.

7. Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvetog trengjer hjelpelause bort frå vegen.Ein mann og far hans går til same jentaså mitt heilage namn blir vanhelga.

8. Dei breier seg på pantsette kledeattmed kvart altar.Vin teken i bøterdrikk dei i huset til sin Gud.

9. Men det var egsom rydda ut amorittane for dei,dei som var høge som sedrarog sterke som eiker.Eg øydela frukta oppeog røtene nede.

10. Det var eg som førte dykk opp frå Egyptog leidde dykk i øydemarka i førti årså de kunne ta amorittlandet.

11. Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetarog nokre unge menn som nasirearar.Er det ikkje slik, israelittar?seier Herren.

12. Men de skjenkte nasirearane vinog baud profetane: Tal ikkje profetord!

13. Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykksom under ei vogn full av korn.

14. Den raske er ikkje i stand til å flykta,den sterke kan ikkje bruka si kraft,og helten bergar ikkje livet.

15. Bogeskyttaren held ikkje stand,den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna,og ryttaren bergar ikkje livet.

16. Den djervaste heltenskal rømma naken den dagen,seier Herren.