Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Mot dei rike kvinnene i Samaria

1. Høyr dette ordet,de Basan-kyr på Samaria-fjellet,de som undertrykkjer småkårsfolkog knuser fattige,de som seier til mennene dykkar:«Hent noko å drikka!»

2. Herren Gud har svore ved sin heilagdom:Sjå, dagar skal koma over dykkdå de skal slepast bort med hakarog dei siste av dykk med fiskekrokar.

3. Gjennom rivner i murane skal de gå ut,kvinne etter kvinne.De skal drivast bort til Hermon,seier Herren.

Bu deg på å møta din Gud

4. Far til Betel og synd,til Gilgal og synd til gagns!Kom med slaktoffer om morgonenog tiend den tredje dagen!

5. Brenn takkoffer av syra brød,rop ut frivillig offer, lat det høyrast!For det er slik de likar å ha det, israelittar,seier Herren Gud.

6. Eg lét dykk vera utan mat i munnen i alle byarog utan brød alle stader.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.

7. Eg heldt regnet tilbake for dykkdå det endå var tre månader til hausten.Eg lét det regna over éin by,men over ein annan lét eg det ikkje regna.Eitt jordstykke fekk regn,eit anna fekk ikkje regn og tørka ut.

8. Både to og tre byar raga av stadtil ein og same by for å drikka vatn,utan å få sløkt tørsten.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.

9. Eg slo dykk med kornsot og svartrust.Grashopper åt oppdei mange hagane og vinmarkene dykkar,fikentrea og oliventrea.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.

10. Eg sende pest mot dykk som eg gjorde mot Egypt.Eg drap dei unge mennene med sverd.Hestane gav eg til hærfang.Eg lét stanken frå dykkar eigen leirstiga opp i nasen på dykk.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.

11. Eg øydela dykkslik Gud la Sodoma og Gomorra øyde.De var som ei utbrend vedskie, raka ut av elden.Men de vende ikkje om til meg,seier Herren.

12. Difor vil eg gjera slik mot deg, Israel!Og fordi eg vil gjera dette med deg,må du bu deg på å møta din Gud, Israel!

13. For sjå, han som formar fjella og skaper vinden,han som fortel mennesket kva det tenkjer,han som skaper morgonròde og mørkerog fer fram over høgdene på jorda, Herren, allhærs Gud, er namnet hans.