Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Melkisedeks prestedøme

1. Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Den Høgste Gud. Han gjekk til møtes med Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane.

2. Og Abraham gav han tiend av alt. I namnet Melkisedek ligg for det fyrste at han er rettferds konge, og dernest at han er Salems konge, det vil seia freds konge.

3. Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing, og livet hans tek aldri ende. Slik er han eit bilete på Guds Son og vert verande prest for alltid.

4. Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste hærfanget.

5. Rett nok skal dei av Levi søner som vert prestar, etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne brør, endå desse er ætta frå Abraham.

6. Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader.

7. No kan ingen nekta for at den som vert velsigna, står lågare enn den som velsignar.

8. Elles er det døyelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.

9. Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.

10. For medan han endå var ein ufødd ætling, var han i ættefar sin då Melkisedek gjekk til møtes med Abraham.

Prestedømet som ikkje byggjer på lova

11. Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis?

12. Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra.

13. For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret.

14. Det er kjent nok at vår Herre er runnen av Juda ætt, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den ætta.

15. Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek.

16. Han har ikkje vorte prest etter ei lov som krev ei viss nedætting, men på grunn av krafta i eit uforgjengeleg liv.

17. Han får då det vitnemålet:Du skal vera prest til evig tidpå Melkisedeks vis.

18. Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda av di det var veikt og gagnlaust.

19. For lova førte ikkje noko til fullending. Men no vert ho avløyst av noko betre, ei von som gjer at vi kan nærma oss Gud.

Kristus er prest til evig tid

20. Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid,

21. men denne vart innsett med eid av Gud som seier:Herren har svore ¬og angrar det ikkje:Du skal vera prest til evig tid.

22. Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.

23. Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram.

24. Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid.

25. Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.

26. Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane.

27. Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.

28. Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid.