Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vitnemål om tru

1. Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.

2. For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål.

3. I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

4. I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

5. Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud.

6. Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

7. I tru bygde den gudfryktige Noah ei ark då han vart varsla om det dei endå ikkje såg. Slik berga han huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev.

8. I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma.

9. I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10. For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11. I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12. Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

13. I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda.

14. Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland.

15. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende.

16. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.

17. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,

18. og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.»

19. Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

20. I tru velsigna Isak Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Så bøygde han seg i bøn over knappen på staven sin.

22. I tru tala Josef, då han låg på det siste, om at israelittane skulle gå ut or Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med beina hans.

23. I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.

24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao.

25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda.

26. Han heldt Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. For han såg fram til løna som venta.

27. I tru drog han bort frå Egypt utan å vera redd kongens vreide. Det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut.

28. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så tyningsengelen ikkje skulle røra dei fyrstefødde av israelittane.

29. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.

30. På grunn av tru fall Jerikos murar då folket hadde gått ikring dei i sju dagar.

31. Ved tru vart skjøkja Rahab berga, så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande; for ho hadde teke vel imot speidarane.

32. Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33. Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver,

34. sløkte veldig eld, slapp unna kvasse sverd, gjekk frå vesaldom til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35. Kvinner fekk att sine døde; dei stod opp. Somme vart lagde på pinebenken og sa nei til frigjeving. Dei ville heller vera med i oppstoda til eit betre liv.

36. Andre laut tola spott og piskeslag, ja, jamvel lekkjer og fengsel.

37. Somme vart steina og pinte, gjennomsaga eller drepne med sverd. Andre laut fara ikring i saueskinn og geiteskinn; dei leid naud, var i trengsle og fekk hard medferd.

38. Dei var for gode for denne verda. Dei flakka omkring i øydemarker og fjell og heldt til i holer og hellerar.

39. Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.

40. For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.