Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kristi offer tek bort synda

1. Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne.

2. Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd.

3. Men offera er kvart år ei påminning om synd.

4. For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.

5. Difor seier Kristus når han stig inn i verda:Slaktoffer og gåve ¬ville du ikkje ha,men ein lekam laga du til meg;

6. brennoffer og syndoffer ¬hadde du ikkje hug på.

7. Då sa eg: Sjå, her kjem egog vil gjera din vilje, Gud.I bokrullen er det skrive ¬om meg.

8. Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova.

9. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre.

10. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

11. Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.

12. Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid.

13. No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans.

14. For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

15. Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16. Såleis er den pakta eg vil gjeramed dei i dagar som kjem. Og så seier han:Eg vil leggja mine bod ¬i hjarto deiraog skriva dei i hugen deira.

17. Og syndene ¬og misgjerningane deiravil eg aldri meir koma i hug.

18. Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Frimod og vedkjenning i kyrkjelyden

19. Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen.

20. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam.

21. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus,

22. så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

23. Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

24. Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

25. Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg.

26. Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.

27. Fælsleg er det vi då har i vente: domen og Guds brennhug som skal øyda dei som står han imot.

28. Den som vrakar Moselova, får ikkje miskunn, men må døy etter to eller tre manns vitnemål.

29. Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.» Og vidare: «Herren skal døma folket sitt.»

31. Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med.

33. Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.

34. De leid med dei som sat i fengsel, og fann dykk med glede i at det de åtte, vart røva frå dykk. De visste at de eig noko som er betre og som varer.

35. Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn.

36. De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.

37. For enno er det berre ¬ei lita stund,så kjem han som koma skal,og han skal ikkje drya.

38. Min rettferdige ¬skal leva ved tru;men dreg han seg unna,har eg ikkje hugnad i han.

39. Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.