Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gudstenesta i den gamle pakta

1. Den fyrste pakta hadde òg sine føreskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.

2. Det var reist eit telt, og i dette fremste teltet, som vert kalla Det heilage, var ljosestaken og bordet og skodebrøda.

3. Attom det inste forhenget var det eit anna telt som vert kalla Det høgheilage.

4. Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som sette friske skot, og pakttavlene.

5. Over kista var herlegdomens kjerubar; dei skygde over soningsstaden. Dette kan vi ikkje no gå nærare inn på.

6. På denne måten var alt tilskipa. Det fremste teltet går prestane støtt inn i når dei skal gjera si teneste.

7. Men i det andre går berre øvstepresten inn, ein gong om året, og då aldri utan offerblod. Det ber han fram for seg sjølv og for misgjerdene åt folket.

8. Dermed syner Den Heilage Ande at vegen inn i heilagdomen ikkje er opna så lenge det fremste teltet enno står.

9. Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei gåver og offer som her vert framborne, kan ikkje gjera den som dyrkar Gud, fullkomen, så samvitet vert reint.

10. Liksom føresegnene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod, som galdt til den tid då alt skulle setjast i rett skikk.

Kristus som øvsteprest

11. Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til.

12. Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.

13. For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint,

14. kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.

15. Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.

16. Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død.

17. Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.

18. Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod.

19. For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket

20. og sa: «Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.»

21. Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.

22. Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving.

23. Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.

24. For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld.

25. Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.

26. Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.

27. Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen,

28. såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.