Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Glede, bøn og fred

1. Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min krans, stå faste i Herren, mine kjære!

2. Eg påminner Evodia og Syntyke: De må semjast som kristne!

3. Og så bed eg deg, du som med rette heiter Synzygus, at du må hjelpa desse to. For dei har stridt med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.

4. Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!

5. Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær!

6. Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

7. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

8. Elles brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det!

9. Det som de har lært og teke imot, det som de har sett og høyrt av meg, gjer det! Så skal fredens Gud vera med dykk.

Takk for gåva

10. Det var ei stor glede for meg i Herren at de på nytt har makta å tenkja på det eg treng. De har nok tenkt på det før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera det.

11. Ikkje så at eg seier dette fordi eg leid naud, for eg har lært å vera nøgd med det eg har.

12. Eg veit kva det er å ha det smått, og eg veit kva det er å ha rikeleg. I alt er eg innvigd, både å vera mett og å vera svolten, å ha overflod og ha for lite.

13. Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

14. Likevel gjorde de rett i å hjelpa meg då eg var i naud.

15. De i Filippi veit at i den fyrste tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste kyrkjelyden som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke.

16. Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong.

17. Ikkje så at eg trår etter gåva, men eg trår etter frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk.

18. Med dette stadfester eg at alt er motteke, og no har eg nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som angen av eit offer, som er til glede og hugnad for Gud.

19. Så skal min Gud, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng.

20. Vår Gud og Far skal ha ære i all æve! Amen.

Sluttord

21. Helsa kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Brørne som er saman med meg, helsar dykk.

22. Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hjå keisaren.

23. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!