Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn,

2. så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke.

3. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4. Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre.

5. Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

6. Då han var i Guds skapnad,heldt han det ikkje for eit rovå vera Gud lik.

7. Men han gav avkall på sitt eige,tok på seg ein tenars skapnadog vart menneske lik.I si ferd var han ¬som eit menneske;

8. han nedra seg sjølvog vart lydig til døden,ja, døden på krossen.

9. Difor har Gud storleg ¬opphøgt hanog gjeve han det namnsom er over alle namn,

10. så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn,i himmelen, ¬på jorda og under jorda,

11. og kvar tunge sanna:Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære!

Som ljos i verda

12. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age.

13. For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.

14. Gjer alt utan misnøye og motseiing,

15. så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda

16. med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

17. Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle.

18. Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

To trufaste medarbeidarar

19. Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

20. Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsut for dykk.

21. Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.

22. Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet.

23. Eg vonar å kunna senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi.

24. Og Herren har gjort meg trygg på at eg snart skal koma sjølv.

25. Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong.

26. Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.

27. Ja, han var verkeleg sjuk og døden nær. Men Gud synte miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg òg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.

28. Difor er det no endå meir om å gjera for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus.

29. Ta imot han i Herrens namn og med inderleg glede. Slike som han skal de halda i ære.

30. Det var i arbeidet for Kristus at han var døden nær, då han våga livet for å bøta på det som vanta i den hjelp de har gjeve meg.