Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Å vinna Kristus

1. Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.

2. Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg.

3. For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.

4. Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir.

5. Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear,

6. så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova.

7. Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap.

8. Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus

9. og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua.

10. Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han –

11. om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

Fram mot målet

12. Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus.

13. Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor,

14. og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

15. Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk.

16. Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

17. Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi.

18. Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross.

19. Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting.

20. Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar.

21. Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.