Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ein evangelists gjerning

1. Eg byd deg framfor Gud og Kristus Jesus, han som skal døma levande og døde, og ved hans kome og hans rike:

2. Forkynn Ordet, ver budd i tid og utid, overtyd, tal til tukt og tal til trøyst! Gjev ikkje opp når du lærer dei!

3. For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra.

4. Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar.

5. Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!

Tida for avferd

6. Eg skal no ofrast, og tida er komen då eg skal fara herifrå.

7. Eg har stridt den gode striden, fullført laupet og halde fast på trua.

8. Så ligg då rettferdskransen ferdig til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har elska han og venta på at han skal koma i herlegdom.

Vener og motstandarar

9. Du må koma til meg så snøgt du kan.

10. For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han fór til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia.

11. Berre Lukas er hjå meg. Ta Markus med deg når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.

12. Tykikus har eg sendt til Efesos.

13. Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hjå Karpus, og bøkene, fyrst og fremst pergamentrullane.

14. Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal løna han etter hans gjerningar.

15. Ta deg i vare for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.

16. Fyrste gongen eg forsvarte meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må tilreknast dei!

17. Men Herren var med meg og styrkte meg. Eg skulle fullføra forkynninga av bodskapen, så alle folkeslag kunne få høyra han, og eg vart berga ut or løvegapet.

18. Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han skal ha ære i all æve! Amen.

19. Helsa Priska og Akvilas og alle i huslyden til Onesiforos.

20. Erastus vart att i Korint, og Trofimus lét eg vera att i Milet, for han var sjuk.

21. Gjer deg umak og kom før vinteren.Eubulus, Pudens, Linus, Klaudia og alle brørne sender si helsing.

22. Herren vere med di ånd!Nåden vere med dykk!