Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Menneska i dei siste tidene

1. Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider.

2. Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage,

3. ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode,

4. svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud.

5. Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk!

6. Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over kvinner som er tyngde av synder og lèt seg driva av mange slag lyster,

7. og som alltid vil læra, men aldri kan læra sanninga å kjenna.

8. Liksom Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse mennene seg opp mot sanninga. Dei har fått dømekrafta øydelagd, og korkje dei eller trua deira held mål.

9. Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal verta klårt for alle kor vitlause dei er; det skal gå dei som det gjekk Jannes og Jambres.

Hald fast på det du har lært!

10. Du har fylgt meg i lære og liv, i forsett, tru, langmod, kjærleik og tolmod,

11. og i forfylging og liding, som det eg vart ute for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje mått tola av forfylgingar! Men Herren har fria meg ut or dei alle.

12. Alle som vil leva eit gudfryktig liv i trua på Kristus Jesus, skal verta forfylgde.

13. Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vilt og fer vilt.

14. Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.

15. Og heilt frå barndomen har du kjent dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus.

16. Alle skrifter som er innanda av Gud, er òg gagnlege til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd,

17. så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning.