Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Teneste og liding

1. Så ver då sterk, son min, ved nåden i Kristus Jesus.

2. Og det du har høyrt av meg i nærvære av mange vitne, skal du overgje til pålitelege menneske som duger til å læra andre.

3. Lid vondt du òg som ein god Jesu Kristi stridsmann.

4. Ingen soldat hefter seg med dei daglege syslar, då kan han ikkje gjera det hærføraren vil.

5. Og ein idrettsmann må fylgja reglane om han skal vinna sigerskransen.

6. Bonden som gjer arbeidet, skal fyrst få av grøda.

7. Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg skjøn på alt.

8. Kom Jesus Kristus i hug, han som har stått opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.

9. Det lid eg vondt for, ja, det er eg bunden for som ein brotsmann. Men Guds ord er ikkje bunde!

10. Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom.

11. Det er eit truverdig ord:For har vi døytt med han, ¬skal vi òg leva med han.

12. Held vi ut med han, ¬skal vi òg styra med han.Fornektar vi, ¬skal han fornekta oss.

13. Er vi trulause, så er han trufast,for han kan ikkje fornekta ¬seg sjølv.

Stå fast mot vranglæra!

14. Dette skal du minna dei om! For Guds åsyn skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på.

15. Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av.

16. Hald deg frå det gudlause og tome snakket. For dei som driv med det, går berre lenger og lenger i gudløyse,

17. og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneus og Filetus.

18. Dei har gått bort frå sanninga og er komne på avvegar, for dei seier at oppstoda alt har vore, og dei bryt ned trua hjå folk.

19. Men Guds faste grunnvoll står, og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg frå urett».

20. I eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sølv, men òg av tre og leir, nokre til ære, andre til vanære.

21. Den som reinsar seg frå slikt, vert eit kjerald til ære; det er vigsla og nyttig for husbonden og gjort ferdig til all god gjerning.

22. Fly frå ungdomens lyster og jag etter rettferd, truskap og kjærleik, og etter fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta.

23. Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid.

24. Og ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid, men vera venleg mot alle. Han skal vera ein god lærar, viljug til å tola vondt,

25. så han med spaklynde talar til rettes dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei omvending, så dei lærer sanninga å kjenna.

26. Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.