Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden om liv i Kristus Jesus,

2. helsar Timoteus, sin kjære son. Nåde, miskunn og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!

Apostelen og læresveinen hans

3. Med takk til Gud som eg tener med reint samvit, liksom fedrane mine, nemner eg deg støtt i mine bøner, natt og dag.

4. Eg minnest tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att; det ville gjera meg hjarteglad.

5. Eg kan ikkje gløyma den ærlege trua di. Denne trua budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og eg er viss på at ho bur i deg òg.

6. Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!

7. For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.

8. Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev.

9. Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av,

10. og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.

11. Det er eg sett til herold, apostel og lærar for.

12. Difor er det eg lid, men eg skjemmest ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er viss på at han har makt til å ta vare på det som er meg overgjeve, til dagen kjem.

13. Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg, til føredøme, og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus.

14. Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

15. Du veit at alle frå Asia har vendt seg frå meg, og mellom dei er Fygelus og Hermogenes.

16. Gjev Herren må visa miskunn mot huslyden åt Onesiforos. For han har mange gonger sett mot i meg, og han skjemdest ikkje ved lekkjene mine.

17. Då han kom til Roma, leita han ihuga etter meg til han fann meg.

18. Gjev Herren må la han få miskunn hjå Herren på domedag! Alt det han har gjort gjennom tenesta si i Efesos, kjenner du best til sjølv.