Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Sigrande tru

1. Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han.

2. På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod.

3. Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.

4. For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.

Vitnemålet om Sonen

5. Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?

6. Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.

7. Det er tre som vitnar:

8. Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.

9. Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.

10. Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin.

11. Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans.

12. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Bøn og forbøn

13. Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.

14. Og denne frimodige tillit har vi til han at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.

15. Og når vi veit at han høyrer oss, kva vi så bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.

16. Om nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, då skal han be for han, og Gud skal gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd.

17. All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.

Det trua veit

18. Vi veit at den som er fødd av Gud, syndar ikkje; for han som er fødd av Gud, vernar han, og den vonde rører han ikkje.

19. Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde.

20. Vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss skjøn, så vi kjenner Den Sanne. Og vi er i han, Den Sanne, vi som er i Son hans, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.

21. Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!