Kapitler

  1. 1

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Johannes 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Den eldste helsar den utvalde frua og borna hennar, som eg elskar med ein sann kjærleik, ja, ikkje berre eg, men alle som har lært sanninga å kjenna.

2. Vi gjer det fordi sanninga bur i oss og vil vera med oss til evig tid.

3. Nåde, miskunn og fred frå Gud, Faderen, og frå Jesus Kristus, Faderens Son, vere med oss – i sanning og kjærleik.

Sanning og kjærleik

4. Eg vart inderleg glad då eg såg at nokre av borna dine lever i sanninga, så som Faderen har gjeve oss påbod om.

5. Og det eg no legg deg på hjarta, frue, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.

6. Og dette er kjærleiken: at vi lever etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå fyrste stund, og det skal de halda.

Falske lærarar

7. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist!

8. Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.

9. Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen.

10. Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt!

11. For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer.

Sluttord

12. Eg har enno mykje meir å seia dykk, men vil ikkje gjera det i brev. For eg vonar at eg skal få koma til dykk og samtala med dykk, så gleda vår kan vera fullkomen.

13. Borna åt den utvalde syster di helsar deg.