Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Livsens ord

1. Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord.

2. Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss.

3. Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus.

4. Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

Lev i ljoset!

5. Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han.

6. Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.

7. Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.

8. Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.

9. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

10. Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.