Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Prøv åndene!

1. De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.

2. På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.

3. Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4. Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda.

5. Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.

6. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

Gud er kjærleik

7. De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.

8. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.

9. Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.

10. Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.

11. De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.

12. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13. At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.

14. Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.

15. Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud.

16. Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17. Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.

18. Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.

19. Vi elskar av di han elska oss fyrst.

20. Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.

21. Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.