Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vi må bera straffa

1. Kom i hug, Herre, ¬det som har hendt oss,sjå hit og legg merke til ¬kor vi vert spotta!

2. Vårt land er kome i hendene ¬på framande,utlendingar har fått våre hus.

3. Foreldrelause er vi vortne,vi har ingen far;mødrene våre er som enkjer.

4. Vi må kjøpa det vatnet ¬vi drikk,og betala den veden vi brukar.

5. Våre forfylgjarar ¬har vi på nakken,vi er trøytte og får ikkje kvila.

6. Vi rette ut handa til Egypt ¬og til Assur,så vi kunne mettast med brød.

7. Våre fedrar synda; dei er borte,men vi ber straffa ¬for deira skuld.

8. Trælar er våre herrar,og ingen riv oss ut ¬or deira hand.

9. Vi hentar vårt brød ¬med fare for livet,sverdet trugar i øydemarka.

10. Vår hud er heit som ein omn,for svolten gneg i kroppen.

11. Dei krenkte kvinner i Sionog unge jenter i byane i Juda.

12. Dei tok og hengde stormennog hadde ingen vørdnad ¬for dei eldste.

13. Unge menn ¬laut slita med kverna,og gutar seig under vedbøra.

14. Dei gamle ¬sit ikkje lenger i porten,det er slutt ¬med ungdomens ¬strengespel.

15. Vi er ikkje lenger glade,dansen er omsnudd til sorg.

16. Kransen er fallen ¬av vårt hovud.Ve oss, vi har synda!

17. Difor er hjarta vårt sjukt,augo våre har mist sin glans.

18. For Sion-fjellet ligg audt,der renner no revar ikring.

19. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,din kongsstol står ¬frå ætt til ætt.

20. Kvifor vil du gløyma oss ¬for alltid,gå frå oss for lange tider?

21. Herre, før oss atter til deg,så vi kan koma att.Lat våre dagar verta som før!

22. Eller har du vraka oss heiltog vorte brennande harm ¬på oss?