Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Liding og von

1. Eg er ein mann ¬som har opplevt naud,Herren nytta staven i harme.

2. Han har drive og ført meginn i mørker utan ljoske.

3. Ja, mot meg ¬har han vendt si hand,heile dagen, gong på gong.

4. Han lét mitt kjøt ¬og mi hud tærast bortog knuste mine bein.

5. Han bygde opp ikring megein mur av beiskleik og møde.

6. På mørke stader ¬lét han meg bu,lik dei som døydde ¬for lenge sidan.

7. Han mura meg inne, ¬så eg ikkje slapp ut,og la meg ¬i tunge bronselekkjer.

8. Jamvel når eg skreik ¬og ropa om hjelp,ville han ikkje høyra mi bøn.

9. Han stengde mine vegar ¬med tilhoggen steinog gjorde mine stigar krokete.

10. Han vakta på meg ¬som ein bjørn,som ei løve frå si gøymsle.

11. Han førte meg på villspor ¬og lama meg,eg vart stiv av redsle.

12. Han spente bogen ¬og sette meg opptil mål for sine piler.

13. Dei piler han hadde ¬i pilehuset,sende han inn i mine nyrer.

14. Eg vart til lått for alt mitt folk,dei spotta meg heile dagen.

15. Beiskt var det ¬han metta meg med,han blanda malurt i mitt staup.

16. Han gav meg småstein ¬å tyggja påog bøygde meg i støvet.

17. Du støytte meg bort, ¬tok freden frå meg,eg gløymde kva lukke er.

18. Eg sa: Det er slutt på mi æreog på mi von til Herren.

19. Tanken på mi naud ¬og heimløyseer som malurt og gift.

20. Likevel må eg tenkja på det,og mi sjel er sorgtyngd.

21. Men ein ting ¬legg eg meg på hjarta,difor har eg von:

22. Det er ikkje ute ¬med Herrens nåde,hans miskunn tek aldri slutt.

23. Kvar morgon er ho ny,stor er din truskap.

24. Eg seier: Herren er min lut,difor vonar eg på han.

25. Herren er god mot deisom ventar på han ¬og søkjer han.

26. Det er godt ¬å vera still for Herrenog venta på hjelp frå han.

27. Det er godt for mannenå bera åk i sin ungdom.

28. Han skal sitja åleine og teianår Herren legg bører på han,

29. bøya seg ned ¬med munnen mot jorda,– kanskje er det von –

30. snu kinnet til den som slår,og la seg metta med vanære.

31. For Herren støyter ikkje bortfor alle tider.

32. Valdar han sorg og plage,miskunnar han seg ¬i sin store truskap.

33. For det hugar ikkje Herrenå kua eller plaga menneska.

34. Når dei trør under fotalle fangane i landet,

35. rengjer retten for ein mannframfor augo på Den Høgste

36. eller gjer urett ¬mot nokon i ei sak,ser ikkje Herren slikt?

37. Kven kan tala så noko hendernår Herren ikkje har bode det?

38. Hender ikkje både vondt og godtetter påbod frå Den Høgste?

39. Kvifor klagar eit menneske ¬som lever?Kvar får syrgja over si synd!

40. Lat oss ransaka ¬og prøva våre vegarog venda om til Herren!

41. Lat oss lyfta hjarta og hendertil Gud i himmelen!

42. Vi har synda og vore ulydige,og du har ikkje tilgjeve.

43. Du sveipte deg i vreide,jaga og drap oss utan miskunn.

44. Du sveipte deg i skyer,så inga bøn rakk fram.

45. Til skrap og skrot gjorde du ossmidt imellom folkeslaga.

46. Alle våre fiendarspilar opp gapet mot oss.

47. Gru og grav, det vart vår lut,øyding og undergang.

48. Tårene strøymer frå augo minefordi mitt folk er knust.

49. Tårene renn i eitt frå mitt auga,og det tek ikkje slutt

50. før Herren skodar nedfrå himmelen og ser det.

51. Det gjer meg inderleg vondtå sjå alle kvinnene i min by.

52. Dei som var imot meg ¬utan grunn,jaga og jaga meg som ein fugl.

53. Dei dreiv meg levande ¬i ei fallgravog kasta stein over meg.

54. Vatnet fløymde ¬over mitt hovud;eg tenkte: ¬«No er det ute med meg.»

55. Då ropa eg ditt namn, Herre,djupt nede frå grava.

56. Du høyrde på meg då eg bad:«Du må ikkje lata att øyrofor mi bøn om berging!»

57. Du var nær då eg kalla ¬på deg;du sa: «Ver ikkje redd!»

58. Du, Herre, førte mi sak,du løyste meg ut, ¬så eg fekk leva.

59. Du, Herre, såg kva urett ¬eg leid,og hjelpte meg til min rett.

60. Du såg deira store hemnlyst,alle deira vonde planar ¬mot meg.

61. Du høyrde kor dei spotta, ¬Herre,alt det vonde dei planla ¬mot meg.

62. Mine uvener kviskrarog murrar mot meg dagen lang.

63. Sjå, anten dei sit eller står,syng dei nidviser om meg.

64. Du vil gje dei att, Herre,for det dei sjølve har gjort.

65. Du gjer hjarta deira hardt,og sender forbanning over dei.

66. Du forfylgjer dei i vreide,rydjar dei ut ¬under Herrens himmel.