Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren har straffa i sin vreide

1. Å, kor Herren i sin vreidehar sveipt Sion ¬i mørke skyer!Han har kasta Israels prydnadfrå himmelen ned på jorda.Sin fotskammel ¬kom han ikkje i hugpå sin vreidedag.

2. Utan miskunn har Herren øydtalle Jakobs bustader.I sin harme reiv han nedkvar festning for folket i Juda.Han jamna dei med jordaog vanæra riket ¬og stormennene.

3. I brennande vreide ¬hogg han avkvart horn i Israel.Då fienden gjekk på,tok han til seg si høgre hand.I Jakob kveikte han ein eldsom loga oppog øydde rundt ikring.

4. Som ein fiende ¬spente han bogenog lyfte si høgre hand.Som ein motstandar drap hanalt det som huga vårt auga.Over teltet åt Sions dotterauste han ut sin harme ¬som eld.

5. Herren synte seg ¬som ein fiendeog gjorde ende på Israel.Han øydela alle borgene ¬i landetog jamna festningane ¬med jorda.Sorg og sut hopa han oppover Judas dotter.

6. Han herja si hytte ¬som ein snøyer ein hage,gjorde sin samlingsstad ¬til inkje.Herren lét folket på Sion gløyma ¬både høgtid og sabbat.I sin harme og vreidehar han vanæra konge og prest.

7. Herren vraka sitt altarog gav opp sin heilagdom.Borgmurane i byengav han i fiendens hand.Dei ropa høgt i Herrens hussom på ein høgtidsdag.

8. Herren sette seg føreå øydeleggja muren ¬for Sions dotter.Han strekte mælesnora ut,ville riva han nedog tok ikkje handa til seg.Han spreidde sorg ¬over voll og mur,og no har dei sige saman.

9. Portane i byen er sokne i jorda,bommane har han brote ¬og knust.Konge og stormenn ¬er i framandt land,det er inga rettleiing å få.Profetane får ikkje lengersyner frå Herren.

10. Styresmennene på Sionsit tagale på jorda.Dei strøyer mold på hovudetog bind syrgjeplagg om livet.Dei unge jentene i Jerusalembøyer hovudet mot jorda.

11. Augo mine forgår av gråt,det gjærer i min barm.Eg har mist både mot og kraft,fordi mitt folk er knust,for både born og spedbornsig om på gatene i byen.

12. Dei ropar til mødrene sine:«Kvar får vi brød og vin?»Dei sig om som sårapå gatene i byenog dreg sitt siste andedragpå mors fang.

13. Korleis skal eg tala til deg,kva skal eg likna deg med, ¬du Jerusalems dotter?Kva slag samanlikning ¬skal eg brukatil å trøysta deg, Sion, ¬du unge møy?For stor som havet er din skade,kven kan lækja deg?

14. Lygn og svik var synenesom profetane dine ¬forkynte deg.Dei synte deg ikkje di skuld,så dei kunne venda ¬din lagnad.Nei, tome, ¬vill-leiande spådomsordfekk dei om deg i synene sine.

15. Alle som fer framom ¬på vegen,slår hendene i hop ¬når dei ser deg.Dei spottar Jerusalems dotterog rister på hovudet åt henne:«Er dette den byen dei kalladen fullkomne venleik,ei glede for all verda?»

16. Alle dine fiendarspilar opp gapet mot deg.Dei pip, skjer tenner og seier:«Vi har gjort ende på henne.Ja, dette er dagen vi venta på;vi fekk då leva og sjå han.»

17. Herren har gjort det han tenkte,han har oppfylt det ordetsom han forkynte ¬for lenge sidan.Utan miskunn reiv han ned.Han lét fienden moroa seg ¬over degog lyfte hornet ¬åt dine motstandarar.

18. Rop av hjarta til Herren,klag di naud, du Sions dotter!Lat tårene renna som bekkerdag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auga få ro!

19. Stå opp, rop høgt om natta,når nattevaktene tek til.Lat det koma fram for Herren,det som fyller ditt hjarta.Lyft dine hender til hanog bed om livet ¬for dine småborn,som utmødde av svolt ¬sig saman på alle gatehjørne.

20. Sjå, Herre, og legg merke tilkven du fer så ille med.Skal kvinner eta sine born,dei små som dei ber på armen?Skal prest og profet lata liveti Herrens heilagdom?

21. Unge og gamle ligg på jorda,midt i gatene.Mine unge jenter og gutarhar falle for sverd.Du drap dei på din vreidedag,då du slakta utan miskunn.

22. Som du samlar folket ¬på ein festdag,så sende du redsler mot meg.Ingen slapp unna og berga segpå Herrens vreidedag.Borna som eg hadde bore ¬og fostra,dei gjorde fienden ende på.