Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Esra kjem til Jerusalem

1. Nokre år etter, då Artaxerxes var konge i Persia, drog Esra heim frå Babylonia. Han var son til Seraja, som var son til Asarja, son til Hilkia,

2. son til Sjallum, son til Sadok, son til Akitub,

3. son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,

4. son til Serakja, son til Ussi, son til Bukki,

5. son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten.

6. Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han.

7. I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.

8. Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.

9. Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han.

10. For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett.

11. Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:

12. «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.

13. Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.

14. For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg.

15. Du skal ta med deg sølvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans gjev til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem.

16. Du skal òg ta med deg alt sølvet og gullet som du får i provinsen Babylon, og dei gåvene som folket og prestane gjev til huset åt sin Gud i Jerusalem.

17. Desse pengane skal du bruka samvitsfullt og kjøpa oksar, verar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Alt dette skal du ofra på altaret i Guds hus i Jerusalem.

18. Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka så som de meiner det er rett etter dykkar Guds vilje.

19. Men dei kara som du har fått til tempeltenesta, skal du gje frå deg i Jerusalem for Guds åsyn.

20. Utgiftene som du elles har til huset åt din Gud, skal kongens skattkammer bera.

21. Eg, kong Artaxerxes, gjev alle skattmeistrane i provinsen vestanfor Eufrat dette påbodet: Alt det presten Esra bed om – han som er kunnig i lova åt Gud i himmelen – skal de la han få fullt ut,

22. opp til 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha.

23. Alt som Gud i himmelen krev for templet sitt, skal de gjera med iver. Elles kjem hans vreide over riket åt kongen og sønene hans.

24. De skal vita at ingen har rett til å krevja skattar eller avgifter i varer og pengar av prestar, levittar, songarar, dørvaktarar, tempeltenarar eller andre som gjer teneste i dette Guds hus.

25. Og du, Esra, skal etter den visdom du har fått av Gud, setja inn skrivarar og domarar til å skifta rett mellom heile folket i provinsen vestanfor Eufrat. Dei skal skifta rett mellom alle som kjenner din Guds lov, og forkynna lova for dei som ikkje kjenner henne.

26. Og kvar den som ikkje lever etter lova åt din Gud og lova åt kongen, skal få ein rettferdig dom, anten straffa vert død, landlysing, bot eller fengsel.»

27. Då sa Esra: «Lova vere Herren, våre fedrars Gud, som gav kongen den tanken at han skulle pryda Herrens hus i Jerusalem,

28. og lét kongen og rådgjevarane og alle dei mektige embetsmennene hans få godvilje for meg. Herren min Gud heldt si hand over meg. Difor kjende eg meg sterk og samla nokre av hovdingane i Israel; dei skulle fara opp til Jerusalem saman med meg.»