Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei framande konene og borna deira vert bortsende

1. Medan Esra låg gråtande framfor Guds hus og bad og sanna synda åt folket, samla det seg kring han ei stor mengd med israelittar, menn, kvinner og born, og folket gret sårt.

2. Sjekanja, son til Jehiel, som høyrde Elam-ætta til, tok då til ords og sa til Esra: «Vi har vore trulause mot vår Gud og teke oss koner mellom dei framande folka her i landet. Likevel er det enno von for Israel.

3. Lat oss no gje Gud den høgtidelege lovnaden at vi skal senda frå oss alle desse konene og borna deira. Det er det rådet vi har fått frå Herren, og av dei mennene som har age for bodet frå vår Gud. Lat oss fara fram etter lova.

4. Stå opp, for det er du som må syta for dette, men vi skal hjelpa deg. Ver ved godt mot og gå til verket!»

5. Då reiste Esra seg og lét dei øvste prestane og levittane og hovdingane over heile Israel gjera eid på at dei skulle fara åt som det var sagt; og dei gjorde eid på det.

6. Esra gjekk så bort frå plassen framfor Herrens hus og inn i romet åt Johanan, son til Eljasjib. Der var han natta over, og han smaka korkje mat eller drikke; for han syrgde over utruskapen åt dei heimkomne.

7. Så sende dei ut melding til alle som var komne heim til Judea og Jerusalem, at dei skulle samlast i Jerusalem.

8. Hovdingane og dei eldste hadde avgjort at den som ikkje kom innan tre dagar, skulle få all sin eigedom bannlyst og sjølv verta utestengd frå lyden av dei heimkomne.

9. Alle mennene frå Juda og Benjamin samla seg no i Jerusalem på tre dagar. Den tjuande dagen i den niande månaden sat alt folket på plassen framfor Guds hus, og dei skalv både på grunn av denne saka og fordi det regnde.

10. Då reiste presten Esra seg og sa: «De har vore trulause og teke framande kvinner til koner; såleis har de gjort Israels skuld stor.

11. Sanna no synda for Herren, dykkar fedrars Gud, og gjer som han vil! Skil dykk frå dei andre folka her i landet og frå dei framande kvinnene!»

12. Alt folket som var samla, svara då med høg røyst: «Ja, det er vår skyldnad å gjera som du seier.

13. Men folket er talrikt, og det er regntid; vi orkar ikkje å stå her ute lenger. Dette er ikkje gjort på ein dag eller to; for vi er mange som har synda i dette stykket.

14. Lat difor hovdingane svara for heile folket. Så kan alle som bur i byane og har teke framande kvinner til koner, møta fram til fastsette tider saman med dei eldste og domarane i kvar by. Såleis skal vi få bort vår Guds brennande vreide som er over oss på grunn av det vi har gjort.»

15. Berre Jonatan, son til Asael, og Jakseja, son til Tikva, sette seg imot dette, og Mesjullam og levitten Sjabbetai heldt med dei.

16. Men dei heimkomne gjorde som det var sagt. Presten Esra valde ut nokre menn som var hovdingar for kvar si ætt, og alle vart nemnde med namn. Dei kom saman den fyrste dagen i den tiande månaden og tok til med granskingsarbeidet.

17. Og den fyrste dagen i den fyrste månaden var dei ferdige med alle dei mennene som hadde gift seg med framande kvinner.

18. Dei fann at desse prestesønene hadde gift seg med framande kvinner: Ma’aseja, Elieser, Jarib og Gedalja, søner og brør til Josva, son til Josadak.

19. Dei lova med handslag at dei skulle senda frå seg konene sine, og bar fram ein ver som skuldoffer.

20. Av Immer-ætta Hanani og Sebadja;

21. av Harim-ætta Ma’aseja, Elia, Sjemaja, Jehiel og Ussia;

22. av Pasjkur-ætta Eljoenai, Ma’aseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa.

23. Av levittane: Josabad, Sjimi, Kelaja – det er den same som Kelita – Petakja, Juda og Elieser.

24. Av songarane: Eljasjib, og av portvaktarane: Sjallum, Telem og Uri.

25. Av dei andre israelittane: Av Parosj-ætta Ramja, Jissia, Malkia, Mijjamin, Elasar, Malkia og Benaja;

26. av Elam-ætta Mattanja, Sakarja, Jehiel, Abdi, Jeremot og Elia;

27. av Sattu-ætta Eljoenai, Eljasjib, Mattanja, Jeremot, Sabad og Asisa;

28. av Bebai-ætta Johanan, Hananja, Sabbai og Atlai;

29. av Bani-ætta Mesjullam, Malluk, Adaja, Jasjub, Sjeal og Jeremot;

30. av Pakat-Moab-ætta Adna, Kelal, Benaja, Ma’aseja, Mattanja, Besalel, Binnui og Manasse;

31. av Harim-ætta Elieser, Jisjia, Malkia, Sjemaja, Simeon,

32. Benjamin, Malluk og Sjemarja;

33. av Hasjum-ætta Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse og Sjimi;

34. av Bani-ætta Ma’adai, Amram, U’el,

35. Benaja, Bedja, Keluhu,

36. Vanja, Meremot, Eljasjib,

37. Mattanja, Mattenai og Ja’asai;

38. av Binnui-ætta Sjimi,

39. Sjelemja, Natan, Adaja,

40. Maknadbai, Sjasjai, Sjarai,

41. Asarel, Sjelemja, Sjemarja,

42. Sjallum, Amarja og Josef;

43. av Nebo-ætta Je’iel, Mattitja, Sabad, Sebina, Jaddai, Joel og Benaja.

44. Alle desse hadde gift seg med framande kvinner, men no sende dei frå seg både konene og borna.