Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei som fór heim frå Babylonia

1. Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i Babylonia. Babylonarkongen Nebukadnesar hadde ført dei dit, men no kom dei attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.

2. Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Re’elaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba’ana.Dette er talet på Israels-mennene:

3. Av Parosj-ætta 2 172,

4. av Sjefatja-ætta 372,

5. av Arak-ætta 775,

6. av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 812,

7. av Elam-ætta 1 254,

8. av Sattu-ætta 945,

9. av Sakkai-ætta 760,

10. av Bani-ætta 642,

11. av Bebai-ætta 623,

12. av Asgad-ætta 1 222,

13. av Adonikam-ætta 666,

14. av Bigvai-ætta 2 056,

15. av Adin-ætta 454,

16. av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98,

17. av Besai-ætta 323,

18. av Jora-ætta 112,

19. av Hasjum-ætta 223,

20. av Gibbar-ætta 95.

21. Frå Betlehem 123 menn,

22. frå Netofa 56,

23. frå Anatot 128,

24. frå Bet-Asmavet 42,

25. frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743,

26. frå Rama og Geba 621,

27. frå Mikmas 122,

28. frå Betel og Ai 223,

29. av Nebo-ætta 52,

30. av Magbisj-ætta 156,

31. av den andre Elam-ætta 1 254,

32. av Harim-ætta 320,

33. frå Lod, Hadid og Ono 725,

34. frå Jeriko 345,

35. av Sena’a-ætta 3 630.

36. Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973,

37. av Immer-ætta 1 052,

38. av Pasjkur-ætta 1 247,

39. av Harim-ætta 1 017.

40. Levittane: Josva- og Kadmiel-sønene, av Hodavja-ætta, 74.

41. Songarane: Av Asaf-ætta 128.

42. Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 139 i alt.

43. Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot,

44. Keros, Siaha, Padon,

45. Lebana, Hagaba, Akkub,

46. Hagab, Sjalmai, Hanan,

47. Giddel, Gahar, Reaja,

48. Resin, Nekoda, Gassam,

49. Ussa, Paseak, Besai,

50. Asna, Maon, Nafus,

51. Bakbuk, Hakufa, Harhur,

52. Baslut, Mekida, Harsja,

53. Barkos, Sisera, Tamak,

54. Nesiak og Hatifa.

55. Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Hassoferet, Peruda,

56. Ja’ala, Darkon, Giddel,

57. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.

58. Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.

59. Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:

60. Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 652,

61. og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.

62. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.

63. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.

64. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,

65. forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.

66. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

67. 435 kamelar og 6 720 esel.

68. Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått.

69. Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5 000 sølvminer og 100 presteskrud.

70. Prestane, levittane og nokre av folket busette seg i Jerusalem. Songarane, portvaktarane, tempeltenarane og alle dei andre israelittane busette seg i byane sine.