Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kyros lèt jødane fara heim att

1. I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen:

2. «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea.

3. Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem.

4. Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.»

5. Då budde dei seg til ferda, ættehovdingane i Juda og Benjamin og prestane og levittane, alle som Gud hadde gjeve den tanken at dei skulle fara til Jerusalem og byggja opp att Herrens hus.

6. Alle grannane hjelpte dei med sølv og gull, gods, buskap og dyre eigneluter, attåt alle dei friviljuge gåvene.

7. Kong Kyros lét henta fram dei heilage kara som Nebukadnesar hadde ført bort frå Herrens hus i Jerusalem og sett inn i templet åt sin eigen gud.

8. Persarkongen overlét dei til skattmeisteren Mitradat, som talde dei opp og gav dei til Sjesbassar, fyrsten i Judea.

9. Talet på dei var: 30 gullskåler, 1 000 sølvskåler og 29 andre skåler,

10. 30 gullstaup, 410 sølvstaup og 1 000 andre ting.

11. I alt var det 5 400 ting av gull og sølv. Alt dette hadde Sjesbassar med seg då dei bortførte fór heim til Jerusalem frå Babylonia.