Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 11:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

10. Og dei som bur på jorda, skal gleda seg og jubla over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt.

12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine.

13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære.

14. Det andre ve-ropet er over. Men det tredje ve-ropet kjem snart.

15. Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:«Herredømet i verda høyrer no tilvår Herre og den han har salva,og han skal vera konge i all æve.»

16. Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds andlet, kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbad Gud

17. og sa:«Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,du som er og som var,fordi du har gripe di store maktog vorte konge.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 11