Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Tempelet og dei to vitna

1. Og det vart gjeve meg ei målestong som likna ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mål Guds tempel og altaret, og tel dei som tilbed der!

2. Men føregarden utanfor tempelet skal du la vera, den skal du ikkje måla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

3. Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.»

4. Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda.

5. Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten.

6. Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.

7. Men når dei er ferdige med å vitna, skal dyret som stig opp frå avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som i åndeleg samanheng blir kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.

9. Menneske av mange folk og stammar og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

10. Og dei som bur på jorda, skal gleda seg og jubla over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.

11. Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt.

12. Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for auga på fiendane sine.

13. I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandedelen av byen rasa saman, og sju tusen menneske vart drepne i jordskjelvet. Dei som var att, vart gripne av redsle og gav Gud i himmelen ære.

14. Det andre ve-ropet er over. Men det tredje ve-ropet kjem snart.

Den sjuande basunen

15. Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:«Herredømet i verda høyrer no tilvår Herre og den han har salva,og han skal vera konge i all æve.»

16. Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds andlet, kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbad Gud

17. og sa:«Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,du som er og som var,fordi du har gripe di store maktog vorte konge.

18. Heidningfolka vart harme,men no er din vreidedag komen,og tida då dei døde skal dømmast.Då skal du løna dine tenarar profetane,dei heilage og dei som har ærefrykt for ditt namn,små og store,og øydeleggja dei som øydelegg jorda.»

19. Då vart Guds tempel i himmelen opna, og paktkista hans vart synleg inne i tempelet. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.