Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Guds dom over Israels fiendar

1. Ein bodskap. Herrens ord er i Hadrak-landet,i Damaskus har det sin bustad,for menneska og alle Israels stammarvender auga mot Herren.

2. Slik med grannelandet Hamat òg,og Tyros og Sidon, med all deira visdom.

3. Tyros bygde seg ei festning,hauga opp sølv som moldog gull som søle i gata.

4. Sjå, Herren vil ta byenog slå styrkane hennar på sjøen.Byen skal øydast i eld.

5. Asjkalon skal sjå det og reddast,Gaza skal vri seg i smerte,Ekron òg, for hennar von blir til skamme.Gaza skal mista sin konge,i Asjkalon skal ingen bu.

6. Det skal bu blandingsfolk i Asjdod.Eg gjer ende på det filistrane er stolte av.

7. Eg skal fjerna blodet dei har i munnen,og det motbydelege dei tygg på.Men dei som blir att,skal høyra vår Gud tilog vera som ei slekt i Juda,med Ekron skal det gå som med jebusittane.

8. Eg skal slå leir omkring huset mitttil vern mot dei som rykkjer fram og tilbake.Aldri meir skal nokon undertrykkjarrykkja fram mot dei.For no har eg sett det med eigne auge.

Fredskongen på Sion

9. Bryt ut i jubel, dotter Sion!Rop av glede, dotter Jerusalem!Sjå, kongen din kjem til deg,rettferdig og rik på siger,fattig er han og rid på eit esel,på ein eselfole.

10. Eg vil rydda ut vognene i Efraimog hestane i Jerusalem,stridsbogen skal brytast sund.Han skal tala fred for folkeslaga,hans velde skal nå frå hav til hav,frå Storelva til endane av jorda.

Herren skal verna folket sitt

11. Og du, i kraft av blodpakta med degset eg fangane dine frifrå brønnen utan vatn.

12. Vend heim til borga,de fangar som har von!I dag forkynner eg:Eg gjev deg dobbelt att.

13. For eg spenner Juda som ein bogeog legg Efraim på som pil.Eg skal slyngja dine søner, Sion,mot dine søner, Javan.Eg gjer deg lik sverdet til ein krigar.

14. Herren skal syna seg for dei,pila hans skyta ut som lynet.Herren Gud skal blåsa i hornetog fara fram i stormvind frå sør.

15. Herren over hærskarane skal vera skjold for dei.Slyngjesteinane skal fortæra og tvinga i kne,drikka blod som var det vin,fylte som offerskåler, tilsmurde som hjørna på altaret.

16. Herren deira Gud skal berga dei den dagen,folket hans skal vera som ein saueflokk.Som kronjuvelar skal dei glima over landet hans.

17. Kor godt og vakkert det er!Korn og ny vinfår gutar og jenter til å bløma.