Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Åttande syn: dei fire vognene

1. Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – fire vogner drog ut mellom to fjell, fjella var av bronse.

2. Framfor den første vogna var det raude hestar, framfor den andre vogna svarte hestar,

3. framfor den tredje vogna var det kvite hestar, framfor den fjerde vogna flekkete, sterke hestar.

4. Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva er dette, herre?»

5. Engelen svara: «Dette er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over heile jorda.

6. Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»

7. Då fór dei sterke hestane ut, ivrige etter å fara omkring på jorda. Då sa han: «Av stad! Far omkring på jorda!» Så fór dei omkring på jorda.

8. Han ropa til meg og sa: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, lèt min ande slå seg ned der nord.»

9. Herrens ord kom til meg:

10. Ta imot gåver frå dei som er i eksil, frå Heldai, Tobia og Jedaja. Den dagen skal du gå inn i huset til Josjia, son til Sefanja, til dei som er komne frå Babel.

11. Du skal ta imot sølv og gull, laga ei krone og setja henne på hovudet til øvstepresten Josva, son til Jehosadak.

12. Du skal seia til han:Så seier Herren over hærskarane:Sjå, ein mann,Spire er namnet hans.Under han skal det spira.Han skal byggja Herrens tempel,

13. ja, han skal byggja Herrens tempel,han skal vinna herlegdomog sitja og herska på si trone.Ein prest òg skal ha si trone.Mellom dei to skal det rå fred.

14. Krona skal vera til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja, i Herrens tempel.

15. Folk frå fjerne land skal komaog byggja på Herrens tempel.Då skal de kjennaat Herren over hærskarane har sendt meg til dykk.Dette skal skje om de lyderrøysta til Herren dykkar Gud.