Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Sjette syn: bokrullen

1. Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – ein flygande bokrull.

2. Engelen spurde: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull, tjue alner lang og ti alner brei.»

3. Han sa: «Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Enno har ikkje dei som stel, fått straff etter forbanninga, og heller ikkje dei som sver.

4. No sender eg henne ut,seier Herren over hærskarane.Ho skal koma inn i huset til den som stel,og inn i huset til densom sver falskt ved mitt namn.Ho skal slå seg til i husetog øydeleggja det, både treverk og stein.»

Sjuande syn: kvinna i efa-målet

5. Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no auga og sjå kva som kjem.»

6. Eg spurde: «Kva er dette?» Han svara: «Det er efa-målet som nærmar seg.» Så sa han: «Dette er all skulda i landet.»

7. Og sjå, blyloket lyfte seg, og det sat ei kvinne i efaen!

8. «Dette er lovløysa», sa han. Så kasta han henne ned att i efaen og la blysteinen over opninga.

9. Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – to kvinner nærma seg. Vinden fylte vengene deira, dei hadde venger som storken. Dei lyfte efaen opp mellom jord og himmel.

10. Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar fer dei med efa-målet?»

11. Han svara: «Dei skal byggja eit hus til henne i Sinear-landet. Når det er ferdig, skal ho stillast opp der på sokkel.»