Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Om du kjem tilbake, Israel,seier Herren,om du kjem tilbake til meg,om du fjernardei motbydelege gudane dine frå megog ikkje flakkar ikring,

2. om du sver«så sant Herren lever»i sanning, rett og rettferd,då skal folkeslaga velsigna seg ved han,ved han skal dei prisa seg lukkelege.

3. Så seier Herren til judearaneog til Jerusalem:Bryt dykk nybrot,ikkje så mellom klunger!

4. Omskjer dykk for Herren,ta bort forhuda frå hjartet dykkar,de judearar og de som bur i Jerusalem,elles skal harmen min bryta ut som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for det vonde de har gjort.

5. Kunngjer dette i Juda,lat det høyrast i Jerusalem,blås i horn i landet,rop høgt og sei:Samla dykk!Lat oss gå inn i festningsbyane!

6. Lyft banneret! Til Sion!Berg dykk, bli ikkje ståande!For eg sender ei ulukke frå nord,eit stort samanbrot.

7. Ei løve stig opp frå krattet.Ein som øydelegg folkeslag,bryt opp og dreg ut frå sin stadfor å leggja landet ditt audt.Byane dine skal bli til ruinarder ingen kan bu.

Les hele kapitlet Jeremia 4