Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 9:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna velvilje for Herren vår Guds andlet, vi vende ikkje om frå vår synd og prøvde ikkje å forstå di sanning.

14. Difor hadde Herren støtt ulukka for auge og førte henne over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.

15. Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut frå Egypt med sterk hand og vann deg eit namn som står seg endå i dag, vi har synda og gjort urett.

16. Herre, du som alltid er rettferdig, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda og fedrane våre har handla ille, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur omkring oss.

17. Høyr no, vår Gud! Din tenar bed og ropar om nåde. Lat ditt andlet lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.

18. Min Gud, vend øyret til og høyr! Lat opp auga dine og sjå ruinane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre rop om nåde fram for ditt andlet, det er i tillit til di store miskunn.

19. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, lytt og grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»

20. Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda til Israel, folket mitt, medan eg bar fram for Herren min Gud ei bøn for min Guds heilage fjell,

21. ja, medan eg endå heldt på å be, flaug Gabriel, den mannen eg før hadde sett i eit syn, heilt fram til meg. Det var ved tida for kveldsofferet.

22. Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen for å gje deg innsikt.

23. Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det, for du er høgt elska. Så merk deg ordet så du forstår synet!

Les hele kapitlet Daniel 9