Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Dei sytti vekene

1. I det første året Dareios, son til Ahasveros, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –

2. i det første styringsåret hans oppdaga eg, Daniel, i bøkene kor lenge Jerusalem skulle liggja i røys etter Herrens ord til profeten Jeremia. Det var sytti år.

3. Eg vende meg til Herren Gud for å søkja han med bøn og rop om nåde, for å fasta i sekk og oske.

4. Eg bad til Herren min Gud og vedkjende: «Å Herre, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser miskunn mot dei som elskar deg og held dine bod!

5. Vi har synda, bore oss ille åt, gjort urett, vore trassige og vike av frå dine bod og dommar.

6. Vi har ikkje høyrt på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, stormennene og fedrane og til alt folket i landet.

7. Di er rettferda, Herre, og vår er skamma. Slik er det i dag med Juda-mennene og dei som bur i Jerusalem og i heile Israel, både dei som er nær, og dei som er langt borte, i alle dei land du dreiv dei bort til, fordi dei hadde vore trulause mot deg.

8. Ja, Herre, oss tilhøyrer skamma, oss og kongane våre, stormennene og fedrane, for vi har synda mot deg.

9. Hos Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving; vi har gjort opprør mot han.

10. Vi høyrde ikkje på Herren vår Gud og følgde ikkje lovene hans, som han gav oss ved tenarane sine, profetane.

11. Heile Israel braut di lov, vende seg bort og høyrde ikkje på deg. Difor har den forbanningseiden det er skrive om i lova til Moses, Guds tenar, kome over oss. For vi har synda mot han.

12. Han sette i verk det ordet han tala mot oss og mot styrarane som styrte over oss. Han sende over oss ei ulukke så stor at det ikkje finst ein stad under himmelen der det har hendt noko slikt som i Jerusalem.

13. Etter det som står skrive i Moselova, kom all denne ulukka over oss. Men vi prøvde ikkje å vinna velvilje for Herren vår Guds andlet, vi vende ikkje om frå vår synd og prøvde ikkje å forstå di sanning.

14. Difor hadde Herren støtt ulukka for auge og førte henne over oss. For Herren vår Gud er rettferdig i alt han gjer, men vi høyrde ikkje på han.

15. Og no, Herre vår Gud, du som førte folket ditt ut frå Egypt med sterk hand og vann deg eit namn som står seg endå i dag, vi har synda og gjort urett.

16. Herre, du som alltid er rettferdig, lat vreiden og harmen din venda seg bort frå byen din, Jerusalem, frå ditt heilage fjell! Fordi vi har synda og fedrane våre har handla ille, har Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur omkring oss.

17. Høyr no, vår Gud! Din tenar bed og ropar om nåde. Lat ditt andlet lysa over den øydelagde heilagdomen din, for di eiga skuld, Herre.

18. Min Gud, vend øyret til og høyr! Lat opp auga dine og sjå ruinane våre og byen som ditt namn er nemnt over. For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerningar at vi ber våre rop om nåde fram for ditt andlet, det er i tillit til di store miskunn.

19. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, lytt og grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For ditt namn er nemnt over byen din og folket ditt.»

20. Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda til Israel, folket mitt, medan eg bar fram for Herren min Gud ei bøn for min Guds heilage fjell,

21. ja, medan eg endå heldt på å be, flaug Gabriel, den mannen eg før hadde sett i eit syn, heilt fram til meg. Det var ved tida for kveldsofferet.

22. Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen for å gje deg innsikt.

23. Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det, for du er høgt elska. Så merk deg ordet så du forstår synet!

24. Sytti veker er fastsettefor ditt folk og din heilage bytil å føra vondskapen til ende,til å gjera slutt på synda,til å sona skuldaog føra fram ei evig rettferd,til å stadfesta det profetane såg,og salva det høgheilage.

25. Du skal vita og skjøna: Frå ordet gjekk ut om at Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker, og i sekstito veker skal byen stå der gjenreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men det skal vera ei tid full av trengsler.

26. Etter desse sekstito vekene skal den salva ryddast av vegen og bli borte.Byen og heilagdomen skal leggjast øydeav hæren til ein fyrste som kjem.Han skal enda sine dagar i ein flaum.Den fastsette øydeleggingaskal vara til krigen er slutt.

27. Éi veke skal han stadfesta ei pakt for mange,etter ei halv veke gjer han endepå slaktoffer og grødeoffer.På vengene til det motbydelegekjem han som øydelegg,heilt til utslettinga som er fastsett,strøymer ned over øydeleggjaren sjølv.»