Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Hald dykk nær til Gud!

1. Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden hjå dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?

2. De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De ligg i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.

3. Og bed de, så får de ikkje, fordi de bed gale; de vil øyda det i nyting.

4. De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende.

5. Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss.

6. Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

7. Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk.

8. Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!

9. Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg!

10. Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.

11. Tal ikkje vondt om kvarandre, brør! Den som talar vondt om ein bror eller dømer ein bror, han talar vondt om lova og dømer lova. Men dersom du dømer lova, då gjer du ikkje det ho seier, men set deg til doms over henne.

12. Det er berre éin lovgjevar og domar, han som har makt både til å frelsa og tyna. Men kven er du som dømer nesten din?

Åtvaring til dei sjølvtrygge og rike

13. Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» –

14. og så kjenner de ikkje morgondagen og det som ventar dykk då! For de er berre ein røyk som er synleg ei lita stund og så vert borte.

15. De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera dette eller hitt.»

16. Men no rosar de dykk sjølve og brukar store ord. All slik ros er av det vonde.

17. Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han syndar.