Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framandt land.

Prøving og freisting

2. Hald det berre for ei glede, mine brør, når de møter alle slag prøvingar;

3. for de veit at når trua dykkar vert prøvd, lærer de tolmod.

4. Men tolmodet må syna seg i fullført gjerning, så de kan vera fullkomne og heile og ikkje liggja etter i noko.

5. Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord.

6. Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden.

7. Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,

8. tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9. Den bror som står lågt i verda, skal rosa seg av sitt høge stand.

10. Men den rike skal rosa seg av sitt låge stand; for som blomen i graset skal han gå til grunne.

11. Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell og all hans venleik kverv. På same måte skal den rike visna midt i alt sitt arbeid.

12. Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han.

13. Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.

14. Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst.

15. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.

16. Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17. All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker.

18. Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

Høyr Ordet og gjer etter det!

19. Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.

20. For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.

21. Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

22. De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.

23. For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel:

24. Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.

25. Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

26. Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.

27. Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.