Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Tunga må styrast

1. Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom.

2. Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen.

3. Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.

4. Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.

5. Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann!

6. Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete.

7. Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar.

8. Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift.

9. Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.

10. Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør!

11. Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda?

12. Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.

Sann og falsk visdom

13. Er nokon av dykk vis og vitug, må han syna det i gjerning, i eit rett liv merkt av den tolsemd som visdomen gjev.

14. Men ber de på bitter misunning og sjølvhevding i hjarta, då har de ikkje noko å rosa dykk av. Lyg ikkje mot sanninga!

15. Ein slik visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk, reint menneskeleg, ja djevelsk.

16. For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.

17. Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg.

18. Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.