Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Lov eller tru – forbanning eller velsigning

1. De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest?

2. Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru?

3. Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk?

4. Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes.

5. Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur?

6. Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig.

7. Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born.

8. Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.

9. Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham.

10. Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det.

11. At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

12. I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei.

13. Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre.

14. Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.

Lova og lovnaden om barnekår

15. Brør, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje eller gje noko tillegg, endå det er gjort berre av eit menneske.

16. Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det galdt mange, men det vert tala om ein, «til di ætt», og det er Kristus.

17. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til sides av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden ikkje skulle gjelda lenger.

18. Får vi arven ved lova, vert han ikkje gjeven på grunn av lovnaden. Men det var då ved ein lovnad at Gud i sin nåde gav arven til Abraham.

19. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg og skulle gjera klårt kva lovbrot er, til dess den ætta kom som lovnaden galdt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20. Men ein mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21. Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For var det gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne rettferda vinnast ved lova.

22. Men Skrifta har lagt alt under synd, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved si tru kan få det som var lova.

23. Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma.

24. På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua.

25. Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

26. De er alle Guds born ved trua på Kristus Jesus.

27. For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledt dykk Kristus.

28. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle ein i Kristus Jesus.

29. Og høyrer de Kristus til, er de Abrahams ætt, arvingar etter lovnaden.