Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, apostel, ikkje kalla av menneske eller ved noko menneske, men av Jesus Kristus og av Gud Fader, som reiste han opp frå dei døde –

2. eg, Paulus, og alle brørne her helsar kyrkjelydane i Galatia.

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus,

4. han som gav seg sjølv i døden for våre synder, så han kunne fria oss ut frå den noverande vonde verda, etter Gud, vår Fars vilje.

5. Han skal ha æra i all æve! Amen.

Berre eitt evangelium

6. Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium.

7. Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium.

8. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna!

9. Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!

Apostelkallet til Paulus

10. Prøver eg no å verta godkjend av menneske – eller av Gud? Prøver eg kanskje å gjera menneske til lags? Var det menneske eg framleis ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi tenar.

11. Eg kunngjer dykk, brør: Det evangelium eg har forkynt, er ikkje menneskeverk.

12. Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; men det var Jesus Kristus som openberra seg for meg.

13. De har høyrt om korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor nådelaust eg forfylgde Guds kyrkje og gjorde mitt beste for å rydja henne ut.

14. Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og var endå meir brennhuga for tradisjonane frå fedrane.

15. Men Gud, som valde meg ut frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, sette seg føre

16. å openberra sin Son for meg, for at eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje menneske til råds.

17. Heller ikkje drog eg opp til Jerusalem, til dei som var apostlar før meg. Eg fór til Arabia, og sidan vende eg attende til Damaskus.

18. Fyrst tre år seinare drog eg til Jerusalem; eg ville spørja meg føre hjå Kefas, og eg vart verande hjå han i fjorten dagar.

19. Nokon annan av apostlane vitja eg ikkje, berre Jakob, Herrens bror.

20. Det eg her skriv til dykk, er sant, Gud veit at eg ikkje lyg.

21. Sidan kom eg til Syria og Kilikia.

22. Dei kristne kyrkjelydane i Judea kjende meg ikkje personleg.

23. Dei hadde berre høyrt at det vart sagt: Han som før forfylgde oss, forkynner no sjølv den trua han freista å rydja ut.

24. Og dei lova Gud for det han hadde gjort med meg.