Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen.

2. Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett.

3. Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda.

4. Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova.

5. Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår.

6. Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»

7. Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

Paulus har omsut for galatarane

8. Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar.

9. Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei?

10. De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år.

11. Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.

12. Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett.

13. De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk.

14. Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv.

15. Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg.

16. Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?

17. Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar.

18. Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode.

19. Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!

20. Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk.

Dei to paktene

21. Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova?

22. Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna.

23. Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad.

24. Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom.

25. Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er, og det lever i trældom med sine born.

26. Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive:

27. Gled deg, du barnlause, ¬som ikkje fødde.Set i og jubla, ¬du som ikkje hadde rier.For den einslege kvinna ¬har fleire bornenn ho som har mann.

28. Og de, brør, er born etter lovnaden liksom Isak.

29. Men han som var fødd på vanleg måte, forfylgde den gongen han som var fødd i kraft av Anden, og slik er det i dag òg.

30. Men kva seier Skrifta? Jag ut trælkvinna og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna.

31. Difor, brør, er vi ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.