Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jerusalems synd og straff

1. Ve den trassige ¬og ureine byen,som er så full av vald!

2. Han høyrer ikkje ¬på Herrens røystog tek ikkje imot tukt.Han set ikkje si lit til Herrenog held seg ikkje nær ¬til sin Gud.

3. Hovdingane i byen ¬er som brølande løver,og domarane som steppeulvar;dei sparer ingenting ¬til morgondagen.

4. Profetane er skrytande, ¬trulause menn,prestane krenkjer ¬det som er heilagt,og gjer vald mot lova.

5. Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom,den kjem like visst som ljoset.Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.

6. Eg har øydt ut folkeslag,deira borgtårn ligg i grus.Eg har gjort deira gater aude,så ingen ferdast på dei.Byane deira er herja ¬og folketome,ingen bur der lenger.

7. Eg sa: ¬«Berre du ville ottast megog ta imot lærdom!»Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagdeog mi straff ¬aldri koma over han.Men dei synda seint og tidlegog gjorde berre vondt.

8. Difor, venta på meg,lyder ordet frå Herren,til eg står fram ¬som vitne mot dei.For det er min rett å samla folkog føra saman kongerikeog renna ut min harme over dei,all min brennande vreide.For i min brennhugskal eg øyda heile jorda.

Frelse for Israels rest

9. Då vil eg skapa folka omog gje dei reine lipper,så dei alle kallar på Herrenog samlyndte tener han.

10. Frå landet bortanfor elvane ¬i Nubiaskal mitt spreidde folk ¬som tilbed meg,koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje ¬skjemmast lengerover alle brotsverk ¬du gjorde mot meg.For då tek eg bort ifrå degdei som jublar i hovmod.Du skal ikkje meir vera stor ¬og stolther på mitt heilage fjell.

12. Eg leiver i degeit armt og audmjukt folk.Dei skal setja si lit ¬til Herrens namn,

13. dei som er att av Israel.Dei gjer ingen urett meirog talar ikkje lygn.Det finst ingen svikefull tale ¬i deira munn.Dei går på beite og kviler trygt,det er ingen som skræmer dei.

14. Set i og jubla, Sions dotter!Rop av fryd, Israel!Gled deg, Jerusalems dotter,og jubla av heile ditt hjarta!

15. Herren har fria deg ¬frå straffedomenog teke bort dine fiendar.Herren, Israels konge, ¬er hjå deg,du skal ikkje lenger vera redd ¬noko vondt.

16. Den dagen skal dei seia ¬til Jerusalem:Ver ikkje redd, Sion!Lat ikkje hendene siga!

17. Herren din Gud er hjå deg,ei kjempe som kan frelsa.Han gleder og frydar seg ¬over deg,tek deg atter inn i sin kjærleik.Han jublar over deg med fryd,

18. som på ein høgtidsdag.Eg friar deg frå den dagendå du må tola spott.

19. Sjå, på den tid gjer eg ende påalle dei som plaga deg.Då bergar eg dei haltandeog fører saman dei bortdrivne.Eg gjev dei ære og ros ¬over heile jorda,der dei før var vanæra.

20. På den tid fører eg dykk heim,då samlar eg dykk.For eg vil gje dykk ære og rosmellom alle folk på jorda,når eg beint framfor augo ¬på dykkvender dykkar lagnad,seier Herren.