Kapitler

  1. 1
  2. 2

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Haggai 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Bygg opp att Herrens tempel!

1. I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så:

2. Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.»

3. Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4. Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge templet ligg i røys?

5. No seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!

6. De sår mykje, men haustar lite;de et, men vert ikkje mette;de drikk, ¬men sløkkjer ikkje torsten;de kler dykk, ¬men vert ikkje varme;og leigekaren får si løni ein botnlaus pung.

7. Så seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!

8. Far opp i fjellet ¬og henta tømmer!Bygg templet, ¬så vil eg ha hugnad i detog visa min herlegdom der, ¬seier Herren.

9. De ventar mykje, ¬men sjå, det vert lite.De får det i hus, ¬men eg blæs det bort.Kvifor? seier Herren, ¬Allhærs Gud.Fordi mitt tempel ligg i røys,medan de har det annsamtkvar med sitt eige hus.

10. Difor held himmelen ¬dogga att,og jorda gjev ikkje grøde.

11. Eg har kalla turkover jord og fjell,over korn og vin og olje,over alt som gror på marka,ja, over folk og feog over alt arbeid ¬som vert gjort.

12. Serubabel Sjealtielsson og Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på det Herren deira Gud tala, på orda åt profeten Haggai, fordi Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket hadde age for Herren.

13. Med oppdrag frå Herren sa Haggai, Herrens sendebod, til folket: Eg er med dykk, lyder ordet frå Herren.

14. Herren vekte slik iver hjå Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og hjå Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og hjå alle som var att av folket, at dei kom og arbeidde på huset åt sin Gud, Herren, Allhærs Gud.

15. Det var den 24. dagen i den sjette månaden i det andre styringsåret åt kong Dareios.