Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Søk Herren!

1. Kom saman, ¬hald samling,du folk som ikkje skjemmest,

2. før de kverv ¬som fykande agner,før han kjem over dykk,Herrens brennande vreide,før han kjem over dykk,Herrens vreidedag!

3. Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som gjer hans vilje!Legg vinn på rettferd ¬og audmykt,så vert de kanskje spartepå Herrens vreidedag!

Domsord mot andre folkeslag

4. Gasa skal liggja folketomtog Asjkalon verta ei øydemark.Midt på ljose dagenskal folket i Asjdod ¬drivast bort,og Ekron skal herjast ¬til grunnen.

5. Ve deg, du kretarfolk,som bur utmed havet!Dette er Herrens ord mot deg:«Kanaan, du Filistarland,eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der.

6. Landet ved havet ¬skal verta til beite,til hamnegang for gjætarar,til kve for sau og geit.»

7. Dei som er att av Juda-ætta,skal få landet ved havet i eige.Der skal dei ha sitt beiteland,og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon.For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei,han skal venda deira lagnad.

8. Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moabog spottorda frå ammonittane,då dei svivørde folket mittog briska seg mot landet deira.

9. Difor, lyder ordet frå Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:Så sant eg lever,skal det gå Moab som Sodomaog ammonittane som ¬Gomorra;dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve,ei øydemark til evig tid.Dei som er att av folket mitt,skal plyndra dei,resten av folket ¬skal ta dei i eige.

10. Dette skal hendafordi dei var storlåtne,fordi dei var stolteog spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud.

11. Dei skal få age for Herrennår han rydjar ut alle gudane ¬på jorda.Og dei som bur på strendene ¬langt borte,skal tilbe han, kvar på sin stad.

12. De òg, nubiarar,skal falla for mitt sverd.

13. Han retter ut handa mot nordog øydelegg Assur.Han gjer Ninive til audn,turr som ei øydemark.

14. Midt i byen ¬skal buskapar kvilaog ville dyr av alle slag.Pelikan og hegre skal sovapå søylehovuda derog ugla tuta frå vindaugo,på dørstokken ¬skal ramnen sitja.Sederpanelet skal rivast av.

15. Dette er den jublande byensom låg så trygt ¬og sa med seg sjølv:«Eg – og ingen annan!»Kor aud han er vorten,ein kvilestad for villdyr!Alle som fer framom,pip og vinkar med handa.