1. Ein gong skal det hendaat eg renner ut min Ande ¬over alle menneske.Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord;dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar,og dei unge skal sjå syner.
2. Jamvel over trælar ¬og trælkvinnervil eg renna ut min Ande ¬i dei dagane.
3. Eg lèt teikn syna seg ¬på himmel og jord:blod og eld og røyksøyler.
4. Sola vert omskapt, ho svartnar,og månen vert som blod,før Herrens dag kjem,den store og skræmande.
5. Men kvar den ¬som kallar på Herrens namn,skal verta frelst.For på Sion-fjellet ¬og i Jerusalemskal det finnast ein flokk ¬som har sloppe unna,så som Herren har sagt.Og mellom dei ¬som har berga seg,er dei som Herren kallar.
6. For sjå, i dei dagar ¬og på den tid,når eg vender lagnaden ¬for Juda og Jerusalem,
7. då vil eg samla alle folkeslagog føra dei ned i Josjafat-dalen.Der vil eg halda rettargang ¬med deiom Israel, mitt folk ¬og min eigedom,som dei spreidde mellom folka.Dei delte landet mitt
8. og kasta lodd om folket mitt;dei gav ein gut for ei skjøkjeog selde ei jente for vin ¬– og drakk.