Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 2:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Riv ikkje kleda sund,men lat angeren riva i hjarta!Vend om til Herren ¬dykkar Gud!For han er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn;han kan endra sin planså han ikkje lèt ulukka koma.

14. Kanskje snur han om ¬og endrar sin planog legg velsigning etter seg– grødeoffer og drikkofferfor Herren dykkar Gud.

15. Blås i horn på Sion,lys ut ei fasteog kunngjer høgtidssamling!

16. Kall folket saman ¬og vigsla lyden,lat dei gamle samlast,ta småborn og spedborn med!Lat brudgomen gå ut ¬or sitt romog brura ut or sitt kammer!

17. Mellom forhall og altarskal prestane, Herrens tenarar, ¬gråta og seia:«Herre, spar ditt folk!Gjer ikkje din eigedom ¬til spott,lat ikkje framande råda ¬over dei!Kvifor skal dei seia ¬mellom folka:Kvar er deira Gud?»

18. Då vart Herren fyltmed brennhug for sitt landog viste medkjensle ¬med sitt folk.

Les hele kapitlet Joel 2