Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 7:7-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.

8. Synda brukte bodet til å vekkja alle slags lyster i meg, men utan lova er synda død.

9. Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv,

10. og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død.

11. For synda brukte bodet til å narra og drepa meg.

12. Lova er altså heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.

13. Men har så det gode ført til døden for meg? Langt ifrå! Men synda brukte det gode til å føra meg i døden, for å gjera det klårt korleis synda er: Gjennom bodet skulle synda visa seg å vera over all måte syndig.

14. Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda.

15. For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg.

16. Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god.

17. Så er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.

18. For eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje.

19. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

Les hele kapitlet Romarane 7