Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 4:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kva skal vi då seia om Abraham, vår jordiske stamfar? Kva oppnådde han?

2. Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å vera stolt av. Men det har han ikkje for Gud.

3. For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.

4. Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.

5. Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.

6. Slik prisar òg David det mennesket sælt som Gud reknar som rettferdig utan at det har gjerningar:

7. Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte.

8. Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar synd.

9. Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde.

10. Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.

11. Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige.

12. Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.

Les hele kapitlet Romarane 4